Bømlo, øya - havet- året - vêret                                                                                                   bomlobok.no © 2010                   

 

 

 

Smak på Ryfylke

 

 

Sigrid Bø Grønstøl (tekst) og Berit Bø Bakke (foto)

Matbok med oppskrifter på gamle og nye rettar pakka inn i personleg og lokal mathistorie, miljø og landskap.

220 sider
kr 390,-
2009

Kva er ekte Ryfylkemat? Veldig søte ting, seier ein. Tørrfisk med steikt flesk, ein annan. Fiskekomler, seier ein tredje.

 


Smak på Ryfylke byr på tradisjonell ryfylkemat som det framleis er aktuelt å laga. Forfattaren byr på sitt eige kjøkken i ein personleg presentasjon av mat og mathistorie, kultur og landskap. Dette er ikkje kokkekunst, men kollektiv kjøkkenkunst, oppskriftene slik dei vandrar frå hus til hus.

Om du lurer på korleis mor krydra kjøtkakene, eller korleis ho laga den gode fiskegratengen, skal du finna oppskrift her. Samtidig får du nyare rettar frå ryfylkekjøkkenet, som laks med pesto, ostekake og tomatsuppe med kvitløk og chili.


 

 

 

Me er på Facebook»