Meir om Bømlamålet

"Bømlamålet, meir enn rongepådl"

 

Dette er ei bok om talemålet på Bømlo, slik det var for rundt 50 år sidan. Her finn ein ord og uttrykk som framleis vil vera i bruk i daglegtalen til godt vaksne bømlingar, medan det for yngre generasjonar vil vera mykje framandt. Boka inneheld meir enn 4200 ord, 600 uttrykk og faste vendingar, saman med eit par hundre ordtak og hermer. Samlinga er basert på lokale, skriftlege kjelder, skrivne av m.a. Christian Widsteen, Birger Røksund og Simon Steinsbø. Forfattarane av boka har i tillegg, gjennom fleire år, sjølv samla ord og uttrykk frå dagleglivet på Bømlo.

 

For dei eldste av oss er det dette som er bømlamål. Dei unge i dag brukar truleg få av orda i boka i sin daglegtale. Likevel snakkar dei òg bømlamål. Dette gir spennande perspektiv på framtida.

 

Her finn du eksempeltekstar frå innhaldet i booka

 

Litt lokalhistorie

 

Bømlo, Moster og Bremnes utgjorde på 1800-talet storparten av det som då var Finnås herad. Like fram til 1860 var også Sveio ein del av heradet vårt, og sjøen var på den tid den einaste vegen til utveksling av impulsar. Den store trafikken både på tvers og på langs i Bømlafjorden, sette sine tydelege spor også for utviklinga av talemålet her ute i øysamfunnet. Soleis har det til alle tider gått ei viss språkgrense på nord-sør i øyane våre som reflekterer denne trafikken. Langs Bømlafjorden og like nord til Hiskjo på vestsida, var det Haugesund som var byd’n, slik Bergen var det for dei i Bremnesregionen. Kontakten med byd’n var gjerne større enn kontakten mellom ymse sokn og bygdelag. Kva skulle ein bømling på Brømnes? Særleg var dette merkbart i dei bygdene som etterkvart fekk direktekontakt til byd’n ved dampskipa som kom i rute i andre halvdelen av 1800-talet. Dampbåten vart det store samlingspunktet i veka, og unge som vaksne stimla saman på kaiane for å få med seg siste nytt frå verda omkring.

 

Telegraf- og telefonstasjonar vart etterkvart etablerte utover i kommunane i byrjinga av 1900-talet. Dette var naturlegvis med på å opna samfunnet opp for utanverda til ein viss grad. Det same kan seiast om vegane som vart bygde i framkant av 2. verdskrigen. Likevel ser ein at dei vart lite brukte og hadde truleg liten innverknad på t.d. utviklinga av dialektane. Alt dette nymotens var meir som arbeidsreiskap for lensmann, prest og nokre sentrale handelsfolk og bedrifter. Desse faste institusjonane var dermed like fram til 1950-åra dei mest sentrale kulturberarane i Bømlo, saman med ferierande byfolk og sjømenn i hamn.

Copyright © All Rights Reserved: Bømlobok.no 2012