Bømlo, øya - havet - året - vêret                                                                            bomlobok.no © 2010                   

 

Bømlo
 øya - havet - året - vêret

 

Dette er ei smaks- og stemningsbok frå Bømlo. Gjennom kameraauga har me fanga små glimt av livet på øya, naturen, landskapet, havet og vêret – og litt av maten som blir lagd av dei flotte råvarene øya har å by på.

 

 

Bømlo er mild og barsk, frodig og karrig på same tid. Frå storhavet i vest, gjennom lune vikar og sund, til skogen og bakkane i aust, er det store variasjonar i naturen. Mangfaldet er like stort i næringsliv, kulturliv, sosialt liv og busetnad. Vêret og lyset skiftar, og årstidene går sin gong. Staden du var på i går, ser annleis ut når du kjem dit neste gong.

 

 

Men er det kanskje meir vind og regn på Bømlo enn boka vår gjev inntrykk av? I jakta på uversbilde har me undra oss over kor fint vêret eigentleg er. Hausten i fjor var utan store stormar. I vinter skein sola i vekevis, og ein tørr vår sette spor i hagane. Sommaren, som kom med både sol og regn, var ikkje av dei varmaste, men kanskje meir av ein "normal" bømlasommar.

 

 

Boka startar med ein snødag i januar, og sluttar med ein soldag i desember. Me har gått ut i landskapet og fotografert det me har sett og opplevd gjennom året – vinter og vår, sommar og haust.

 

 

Kontakten med naturen, havet og folket har gitt oss eit år med fine opplevingar. På nytt har me sett kor storslått og vakker denne øya er.

 

 

Berit Bø Bakke, foto, tekst og design, (60) har tidlegare fotografert og designa  matboka  ”Smak på Ryfylke” som kom ut på Sturnus forlag hausten 2009. Boka er seld i meir enn 3000 eksemplar og kjem alt no til jul ut i andre utgåve. 

Finn Bakke, foto, tekst (62) var ein ivrig hobbyfotograf i ung alder, og har i dei seinare åra henta fram igjen kameraet.  Motiv frå bømlolandskapet  inspirerer mest

 

 

 

 

Prøvebla i boka

 

Me vil gjerne at du prøveblar i boka. Dette gjer du ved å klikke på biletet under. Her kan du sjå nokre utvalgte sider av boka.

 

 

 

Følg oss på Facebook»