Bømlo, øya - havet - året - vêret                                                                            bomlobok.no © 2010                   

 

Oppskrifter

 

 

I boka presenterer me enkle oppskrifter på mat laga av råvarer frå Bømlo.
Her vil me dela nokre av desse.

 

BACALAO

 

1 kg ferdig utvatna klippfisk

1 kg poteter

2 store løk

3―4 dl olivenolje

1 boks hermetiske tomatar

½ boks hermetisk paprika eller

1 fersk raud paprika

1 liten boks tomatpuré

½ frisk spansk pepar

 

 

 

 

Reinsk den utvatna fisken for skinn og bein, og

skjer han i passeleg store stykke.

 

Skrell potetene og skjer dei i tjukke skiver. Skrell

løken og skjer han i tynne skiver. Hakk den

spanske peparen i småbitar.

 

Varm opp olivenolja til det dampar av ho og

ta gryta vekk fråplata. Legg klippfisk, poteter,

løk og tomatar lagvis i gryta. Ha i tomatpuré

paprika og finhakka spansk pepar.

 

La gryta stå og småkoka på svak varme i ein

god time, gjerne lenger. Rist i gryta innimellom,

men ikkje rør.

 

STEINBIT MED EPLER OG SJAMPINJONG

 

800 g steinbitfilet

2 ss sitronsaft

1 løk

2 eple

200 g sjampinjong

1 ss frisk timian (eller 1 ts tørka)

1 dl eplejuice

2 ss smør

cherrytomatar

salt og pepar

 

 

 

Skjer fisken i serveringsstykke og legg dei i ei smurt

eldfast form. Dryp sitronsaft over, og ha på salt og

pepar. Steik fisken i ca. 15 minutt på 180 ˚C.

 

Skjer løken i ringar og surr han i smøret til han

er mjuk. Skjer sopp og eple i terningar og ha dei i

saman med løken. La dette surra til eplebitane er såvidt

møre. Tilsett eplejuice og timian. Smak til med

salt og pepar.

 

Ha alt over i fiskeforma. Legg delte

cherrytomatar oppi, og set forma i omnen nokre

minutt til. Server med kokte poteter eller ris.

 

 

 

 

Følg oss på Facebook»