Bømlo, øya - havet - året - vêret                                                                                           bomlobok.no © 2010                       

 

 

 

 

 

 

 

Med Simon og Arvid på østersfarmen


Det er alltid kjekt å vera i lag med folk som veit og kan.


Mange av oss kjenner til østersproduksjonen på Bømlo, og mange har i selskapssamanheng fått smaka østers. Me oppfattar østers som eksklusiv, spesiell og noko for dei fine restaurantane. Etter at det har blitt meir vanleg med shushi, har nok fleire “vanlege folk” og fått sansen for østers.


Eg må innrømma at eg er forsiktig med sjømat generelt. Då blir utfordringa desto større å ta når Simon plutseleg seier, denne må du smaka. På skjeret rett ved anlegget opnar han fleire av østersskjela, for å visa korleis muslingen ser ut, og demonstrerer med stor innleving korleis østersen skal nytast.

    • Alt i muslingen skal etast. Med kniven løyser du muskelen frå skjelet, set det til munnen og lar heile muslingen gli ned i munnen. ( Denne bevegelsen har eg sett på TV mange gonger, og det er uverkleg å stå her på skjeret og skulle etterapa den).

 

    • Det første du kjenner, seier Simon, er berre sjøsmak. (Han har heilt rett. Og sjøsmak er ikkje min favorittsmak)
      No skal du tygga roleg 15 gonger. Etter kvart forsvinn sjøsmaken, og blir erstatta med ein meir søtleg smak.  Det er proteinet, matreserven som muslingen har lagra. Det ligg i denne sekken her, seier  han og viser i eit ope skjell.
    • Etterkvart forsvinn og søtsmaken, og blir erstatta av ein meir tydeleg mineralsmak (Eg veit ikkje heilt kva mineralsmak er, men). Og då får du lyst på kvitvin. (Han sa det med eit glimt i auka, og eg vart usikker på om han meinte at eg sikkert ynskte det for å skylgja alt ned, eller for ekstra nyting.)


 

Utruleg. Eg sto her på skjeret og følte med som gastronom. Eg kjende på dei ulike smakane etterkvart som Simon annonserte dei, og syns nesten det var godt. Eg vart trøsta med at du må nok venna deg til østersen, dei fleste må smaka det fleire gonger før dei syns om smakane.

 

- Forresten. Du må spytta ut, og ikkje svelgja ned. Me har ikkje kontrollert skjela her for farlege alger. Østers er lite mottakelege for farlege alger, men for å vera heilt sikker….


I øyeblikket var det ein lette å kunne spytta ut, men i ettertid hadde det vore kjekt å kunna ha gjennomført.  Ein god, fyldig ettersmak følgde meg heile dagen.

Eg sakna verkeleg kvitvinen.

 

 

 

 




 

 

 

 

 

Følg oss på Facebook»