Bømlo, øya - havet - året - vêret                                                                                           bomlobok.no © 2010                       

 

 

 

 

 

 

 

På hjortejakt  


Det er ingen hemmelighet at biletet i boka er konstruert, og ikkje henta frå ei verkeleg jakt.  Ingen vil ha ein fotograf på slep på post.  Knipselyden i kameraet er nok til at hjorten flyktar over alle haugar, og fotografar kan heilt sikkert ikkje halda kjeft. Dessutan skjer jakta tidleg om morgonen eller seint på kvelden, og då manglar fotografen lys for å få tatt bilde.


Det er fasinerande å høyra når hjortejegeren fortel frå jakta. Førebuingane  er grundige og omfattande. Den fysiske formen må vera bra, i tillegg til skyteferdigheitane. Øving og trening må til. Hjorten er eit ekstremt vart og vake dyr.Me vanlege ser skjeldan ein hjort i skogen. Han har sett oss, og stikk av, lenge før me ser han. Difor er det ei stor utfordring for jegaren å overlista dyret med ta seg inn i skogen og koma i posisjon, utan at hjorten får teften av ein. Vindretning er avgjerande.  I skyminga flyttar dyret seg mot beitet, etter å ha tilbrakt natta i skogen. Då er jegaren klar, og på kort varsel må han velja bytet sitt ut frå jaktkvote og dyra i siktelinja.  Og skotet fell ikkje før han er heilt sikker på at det vil sitja perfekt. Skadeskyting er det verste. Det viktigaste er at dyret ikkje lir, deretter er det lite kjekt å mobilisera jaktvener og sporlag for å leita opp og avliva skada dyr.  Respekten for bytet er stor.


Når skotet går og bukken fell, startar ein krevande jobb. Ofte er ein langt til skogs og utan tilkomst med kjøretøy. Det er viktig at kjøtet er minst mulig øydelagt. For at skrotten skal bli lettast mulig blir innvollane fjerna på staden. Buken blir opna med eit lite snitt, innhald i endetarmen blir pressa innover før tarmen blir kappa og sikra mot at noko kjem ut i bukhola. Innmaten heng fast langs ryggraden. Det må vera eit kunststykke å finna fram inne i buken og løysa det som skal ut, med berre ein neve og ein kvass kniv. Når alt er ute, blir gjerne buken sydd igjen, for å hindra at heimtransporten over lyng og myr ikkje skjemmer kjøtet.


Vel heime skal skrotten hengjast til modning i fleire dagar, i 40 graddøgn, heiter det.(5 døgn om temperaturen er 8 grader). Seinare skal dyret delast opp etter avtalar mellom jaktlag og grunneigar.


Jakt og matauk heng saman. Kunnskap og haldningar må overførast til komande generasjonar.  Difor er det naturleg for jegaren at ungane på 8-10 år står klar i tunet når far kjem heim med bytet, og er ivrig med på heile prosessen med reinsking, flåing og oppdeling av skrotten.  Snart kjenner dei lunge og lever, hjarta og galle frå kvarandre, og uffar seg lite om lukta frå innvolar blir strek og synet blodig.

Først når hjortesteika blir servert på dekka bord, er jakta ferdig.

 

 

 

 

 




 

 

 

 

Følg oss på Facebook»