Bømlo, øya - havet - året - vêret                                                                                           bomlobok.no © 2010                       

 

 

 

 

 

 

 

På biefangst

  

Skal ein skriva om honning, må ein ha bilde av ei bie!


Det er jo enkelt, tenkte eg. Utrusta med eit lite syltetøyglas med lokk, bar det i veg mot næraste biefarm.

I ein kort prat med birøktaren dagen før, vart eg formana om å vera forsiktig. Ei bie i håret skapar lett frustrasjon og uro, sa ha. Verneutstyret vart ein hettegenser, i tillegg til støvlar, hanskar og langbukse.  Det var eit yrande liv rundt kubene,  med bier flygande i alle retningar, att og fram, til og frå. Det vil sei, det sirlige systemet i bietrafikken såg ikkje eg, for meg såg det ut som det  reine kaoset.


Dette blir enkelt.  Dei er mange, men dei er små, og dei har jobben sin å passa. Dei bryr seg ikkje om meg.  Men motet minka dess nærare kubane eg kom. Med hetta trekt godt over hovudet, såg eg kanskje ut som ein ekte innbrotstjuv.  Med forsiktige skritt tok eg meg fram til næraste kube. Biene var dorske og halvt i svime så langt ut på hausten. Det meste av nektaren hadde dei sikkert henta. Dei såg ut som sesongarbeidarar når sesongen er slutt. Eg peika meg ut eit offer som skulle få æra av å pryda honningsida i boka. Det måtte vera stas for ei anonym bie å koma i storformat på trykk. Eg sette meg på huk, lokket kom fort av syltetøyglaget, det var berre å sopa bia inn i glaset. Uheldigvis dunka laset lett bort i kuben med det same.

Du hendelse!  Her vart det liv ! Plutseleg var alle halvdaude bier omdanna til illsinte vaktbier. Dei skifta gir, vrimla ut av kuben. Her var det krig!  Ei av biene hadde tydelegvis fått oppdraget med å skrema innbrotstjuvar, og ho tok jobben alvorleg. No var det ikkje lenger snakk om summing. Bielyden gjekk opp to oktavar, turtalet steig fleire tusen. Den skrekkinngytande lyden gjekk gjennom marg og bein. Det var plutselig ikkje snakk om kven som var stor eller liten, heller kven som ville stikka først. Det vart meg.! Eg tok til palings. Men det var til lite nytte. Bielyden var minst like nær og like minst like hissig. I ettertid ser eg for meg gliset på bia, der ho sit på hetta rett ved det venstre øyra, og gir pedal. Der og då sette eg ny rekord på 100 m, med støvlar i kuppert terreng. For eit syn!


Der sto eg, utan bie, men med ei heftig, bankande puls. Eg kunne jo berre ikkje koma tomhendt heim, med halen mellom beina!  Her måtte det mobiliserast!

....
Avslappa og kry, med kravlande bie på glas, nytte eg turen heim. Midt i siste sving stivna eg til.  Frå hemmeleg  gøymestad var stupbombaren igjen i full aksjon. Etter den søte kløe …


Eg lurer av og til på korleis folk klarar å krasja bilen på dei mest utenkeleg plassar !?

 

 

 

 

 




 

 

 

 

Følg oss på Facebook»