Bømlo, øya - havet - året - vêret                                                                                           bomlobok.no © 2010                       

 

 

 

 

 

 

 

Båttur vestpå.

 

 

Johan er ein ypparleg skipper og guide. Den kjekke båten hans fraktar oss raskt frå båtfestet  inst i Straumsfjorden, ut gjennom Hallaråkersundet, Hiskosen, gjennom Holmasundet ut mot Geitung. Skoddeskyene heng over oss og landskapet er grått.

 

Inne i hamna på Geitung ligg eit par båtturistar, og etter kort tid veit me at dei er ættlingar frå Geitung, på land for å sjå seg om på gamle tomter og kjenna på lengten etter røtene. Geitung er kjend vidt ikring av særskilde grunnar i våre dagar. Rundt heile hamna er det fullt av merka ankringsfeste, eit tydeleg teikn på at her har fiskebåtane funne hamn i uminnelege tider.


Me hastar vidare ut det søre innløpet og ut i Flogsnesvågen. Ein flokk niser veltar seg i sjøen og forsvinn. Her ute finn me eit av dei få fugleberga på våre kantar. Skydekket lettar og me skimtar blå himmel. Svak dønning imot, og me sakkar litt på.

 

Johan er lommekjend i øyane her, og me stikk i land i ei av dei lune vikane han veit om. Blankskurte berg, store rullesteinar, lav på berga og prydeleg strandnellik. Det er ei god og fri kjensle å klyva i berga her  ute i øyane. Ingen å sjå, ingen å høyra. Berre måsen og linerla.

 


Me løyser festet og fer vidare utover, og me har det store havet framføre oss.  Frå ein liten båt ruvar dei store berga majestetisk. Enkelte heilt svarte på let, andre lyse, nesten kvite i sola som bryt gjennom skyene.  I det tronge sundet mellom Skotningen og Skotningskalven kjenner me draget i sjøen, og blir minna på at me er her ute på nåde frå storhavet. 

På nordsida av Skotningen krusar vinden bølgjene. Daml mot skutesida. Me set kursen mot Toska lenger inne. Rart kor lågt landet blir og kor høgt Siggjo ragar herifrå.  Langt ute ligg ein liten båt. Fiskaren står i båten. Når nokon står i båten og fiskar her ute, heilt åleine, er dei då båtvande eller fåmingar?

 


På veg innover passerer me Sveina, eit par små klippar som stikk opp i havet, eit mykje brukt fiskemé før GPS-en si tid. Me sig sakte nærare. Ein flokk skarvar har sessa seg, sit som generalar, med nøyaktig lik innbyrdes avstand, og vaktar havet.  Med telelinsa rekk eg akkurat å festa dei til brikka, før dei er vekke. 

 

 

På land på Toska får me eit flott syn sørover til Geitung, Skotningen og utover havet.  Det seiest at den siste fastbuande her flykta til lands, han heldt ikkje ut einsemda og måseskrika. Grunneigaren på Toska laga seg ei enkel lending for nokre få år sidan. I vinter gjorde havet reint, sjølv lengst inne i vågen. Berre nokre fjellboltar står att. Det blir endå klarare at her ute er me på nåde frå storhavet.

 


 

 

 

 

 




 

 

 

 

 

Følg oss på Facebook»